27.04.05 02:14
Kann mir bitte jemand folgende Tourenbeschreibungen ins Deutsche übersetzen? Danke

5) Gaularfjellsvegen - Gottoppsvotni - Gottopp - Gaularfjellsvegen
Stien startar ved bru på øverste strekka av svingane opp Gaularfjellsvegen. Tydeleg sti bratt opp til Gottoppsvotni 860moh. Gå langs sørsida av vatna og ned ryggen mot Gottoppsstølane (tekne av snøskre) der stien vert tydeleg. Du kjem ned att i fyrste svingen på Gaularfjellsvegen. 3t (5t opp), lett tur.
6) Gaularfjellsvegen - Grøndalsstølen t/r
Start ved fyrste avkøyrsle etter brua fremst i Vetlefjorddalen. Følg traktorveg innover til ein kjem til eit ras, derifrå tydeleg merka sti. Noko bratt, men svært god sti opp lia. Grøndalsstølen 740moh ligg fint til ved åpninga av Grøndalen. Fin utsikt ned dalen. For fjellvante er dette fint utganspunkt for tur over til Fjærland. 5t, lett tur.
7) Farnes - Farnesstølen t/r
Her er det fleire moglegheiter til stivalg. Best er det å starte ved nærbutikken. Tydeleg sti opp gjennom skogen. Her kan ein nær sagt gå kvar ein vil! Fleire moglegheiter også nedatt. Farnesstølen 600moh ligg fint til over Sværefjorden. Mogleg å forlenge turen ved å gå over Tjugatoten og nedatt til Dragsvik. 5t, lett tur.
8) Dale - Dalsdalen - Påfunn t/r
Start ved kryss ved Dale. Følg veg, deretter traktorveg til restaurerte Dalsdalsstølane 300moh. Deretter sti innover dalen og opp til stølen Påfunn 580moh. Utgangspunkt for bestiging av karakteristiske Keipen 1399moh (tung tur). 5t, lett tur.
9) Eiki - Eikjadalen t/r
Parker ved kryss til Menes. Start ved gardsveg til Øygard (Eiki). Ein passerar bauta oppsett etter rasa på 1860-talet. Grind innerst på mark bak bauta. Forholdsvis bratt, men tydeleg sti opp til Eikjadalen som flatar fint ut på rundt 350moh. Stølane, som ligg på sørsida av dalen, tekne av snøras. 3t, lett tur.

Antwort auch als mail möglich: AWeber@esk.com

29.04.05 11:14
5) Gaularfjellsvegen - Gottoppsvotni - Gottopp - Gaularfjellsvegen
Der Pfad faengt bei einer Bruecke auf dem obersten Streckenteil der Kurven, die den Gaularfjellsvegen hinauffuehren, an. Gut markierter Weg, der steil zum Gottoppsvotni (das ist ein See) (860 meter ueber dem Meeresspiegel), hinauffuehrt.
Gehe weiter an der Suedseite des Sees hinunter mit dem Ruecken zum Gottoppsstølane (Lawinengefahr). Dort wird der Weg besser erkennbar. Du kommst daraufhin zu den ersten Kurven beo der Gaularfjellsvegen. 3 Stunden (5 Stunden bergwaufwaerts), leichte Tour